Kommunikasjonsmodellar:
Prosessmodellen:
Kan brukast til å identifisere dei ulike elementa i ein kommunikasjonsprosess. All mediekommunikasjon (t.d. informasjon, marknadskommunikasjon og journalistikk) kan analyserast ved hjelp av prosessmodellen.

Tekstmodellen:
Brukast når vi skal forklare korleis mottakaren oppfattar bodskapen.

Tekstmodellen = Kva avgjer "Per" sitt forhold til teksten:
Kven ER eigentleg Per?
Kva for erfaringar har han?
Kva har han opplevd?
Kva for kultur høyrer han til?
Er han religiøs?
Kva jobbar foreldra hans med?
Les han mykje?
Ser han mykje film?

Svært mange element påverkar korleis "Per" oppfattar verda.
Tekstmodellen fokuserer på at vi må forstå Per og hans oppfatning av verda for å kunne forstå korleis han tolkar ein bodskap.

Skilnad mellom prosessmodellen og tekstmodellen:
I hovudsak handlar det om at prosessmodellen fokuserer på sendaren og hans/hennar intensjonar med bodskapsformidlinga, og på sjølve overføringa av bodskapen (design, val av medium, tekstleg utforming o.l.)

Tekstmodellen fokuserer på mottakaren og korleis han/ho dekodar og forstår bodskapen.

Vi må altså forholde oss til både tekstmodellen og prosessmodellen når vi skal forklare ein kommunikasjonsprosess. Prosessmodellen handlar om korleis ein bodskap blir koda av ein sendar. Tekstmodellen handlar om korleis ein bodskap blir dekoda av ein mottakar.