Retorikk tyder opphaveleg «talekunst», og vi kan kalle det ei oppskrift på korleis ein kan setje saman eller komponere ein bodskap for å få mottakaren si fulle merksemd. Det er vanleg å sortere dei forskjellige retoriske argumenta i tre grupper: etos, logos og patos.

Etos:
Dette har samanheng med truverdet til bodskapen og avsendaren - om ein vil tru på det som formidlast. Det er difor eit pluss om ein intervjuar eller får uttalelsar frå ein person med autoritet på det området som blir tatt opp - ein ekspert. Det blir mindre truverdig om kjelda er anonym, ettersom det kan ha vore kven som helst.

Logos:
Dette omgrepet tyder logikk eller fornuft, og ein skal få ny kunnskap om noko i ein tekst der logos blir brukt. Då veit vi at avsendaren veit noko om kva dei formidlar, og at dei «har noko på hjarta».

Patos:
Dette er omgrepet som forklarer dei elementa i teksten som appellerer til kjenslene våre. Vi kan bli begeistra, triste, eller berre rett og slett «rivd med». Meininga med desse argumenta er å engasjere publikum til å fortsette å lese eller høyre på.

Politikarar bruker ofte meir patos enn logos, dette for å engasjere eller «forføre» publikum. Dei er avhengige av å få med folket, og å spele på kjenslene til folk kjem dei ofte lengre med enn å presentere rein fakta. For eksempel Barack Obama sitt «Yes, we can» kan vi kalle eit retorisk verkemiddel. Det å vere positiv engasjerer, og samtidig seier han at dei som eit land kan klare det("we").