Bodskap


Bodskapen i ein tekst er det sendaren prøvar å få fram til mottakaren, og er ofte vinkla på ein slik måte at den skal påverke ei målgruppe. Bodskapen, eller uttrykket, oppfattast som oftast ulikt av ulike mottakarar, og det er difor viktig at ein tek subjektive trekk med i beregninga i ein medieproduksjon. For eksempel kan personlege erfaringar og sosiale normer få bodskapen til å bli tolka annarledes.